Ostar
Sterke-Nils’n er Noregs einaste ost laga med sauemjølk. Osten – som er laga av ei blanding av mjølk frå sau og jerseykyr – er sommarosten vår, og vert laga frå juni til oktober.

På nettstaden osteperler.no er osten omtala – “Fantastisk moro å oppdage slike osteperler”, skriv ostebloggaren, som omtaler den som “en veldig god ost”. Sterke-Nils’n har kraftig, god smak, og passar godt saman med til dømes akasiehonning.

Sverre, min gode nabo er vinterosten vår og vert laga frå oktober til april. Det er ein upasteurisert ost som er laga på rein kumjølk, mjølk frå jerseykyrne, som ikkje berre er divaene blant kyr, men som også har mjølk rik på både feitt og protein, veleigna til ysting. Hausten 2013 fekk Bente besøk frå ein engelsk journalist, som dagen etter skulle møta Jamie Oliver. Ho såg sitt snitt til få osten vurdert av den kjende kokken, og sende litt ost med journalisten, som responderte med fotohelsing og tommelen opp.

Sverre’n er ein smaksrik ost som er lett å lika. Den er også godt eigna til matlaging, slik bloggaren bak “Fra sjel til mage” har gjort med denne osteterta.

10806463_1492324121056711_3487131793568167295_n

Gamalost etter Hardanger-metoden vil vera i produksjon frå sommaren 2015, etter ei vellukka prøve  hausten 2014. På biletet over ser du osten på bordet under Slowfood-festivalen i Torino i kotober 2014.

Andre mjølkeprodukt
Heilt konge yoghurt er ein gourmetyoghurt som vert nytta i festmåltid på bergenske restaurantar. Denne yoghurten er rikare enn gresk yoghurt! Yoghurt og ferskost frå Samnanger var utgangspunktet for Vestlandets bidrag til dessert i “Det norske måltid”-finalen på TV2 i 2013.

Verdas beste ostekake vert laga med heimelaga kremost som utgangspunkt.

Ostepai.

Bakverk
Bakt med mjølk rett frå kua, ekte smør og mykje egg. Her vert det ikkje spart på kruttet. Me har kanelbollar så store som “sjethusvegger“, ostehorn og solbollar.

Attåtprodukt til ost og andre matvarer
Chilisyltetøy som er fantastisk til både ost, kjøt og fisk og også kan nyttast i kaker. Vert seld i glas på 125 og 250 ml.
Ølsirup laga på heimebrygget til naboen. Passar godt til ost.

Kjøtprodukt
10501586_1500128986942891_517261770268488862_n
Spekepølser og korv laga på eigne og naboen sine sauer. Pølsene er laga etter Magnhild Dyrdal (fra Folk ved Fjorden) sin metode.

Humorprodukt
Budeielukt på glas.