bente24

Historie
I 2005 overtok Bente og familien garden der mormora til Bente vaks opp, Guleiksgarden i Samnanger kommune utanfor Bergen. Garden var overgrodd og til nedfalls etter 50 år utan folk på tunet.

Dyra
Bente hadde aldri mjølka ei ku eller teke mot ein kalv før to drektige kyr vart kjøpt inn i 2008. Dette var jerseykyr, skjønnhetsdronninga blant kyr – med augnevippar ei kvar kvinne berre kan drøyma om. Melka er den rikaste ein kan tenkja seg.

Garden har også åtte sauer av rasa øst-frisisk mjølkesau. Garden er den einaste garden i Noreg der sauer vert mjølka to gongar for dagen i sumarhalvåret (juni – oktober).

Kvart dyr på garden har sitt eige navn.

Motto
Vilje, lyst, tru og mykje galskap er det som må til for å starta med eit slikt prosjekt og få det til. “Alt kan lærast berre ein er viljug til å prøva”, seier Bente. Ystekunnskapen skaffa ho seg i Aurland og gjennom eit opphald på ein spansk sauegard i Baskarland. Idag har folket på Guleiksgarden synt at det går an å leva av tre kyr og åtte sauer.